Kulturtorget    Om Kulturskrinet    Program    Arkiv    Kontakter    Linker  


Bråkebøtta

– stemningsrapport frå Ådland og bilder fra Norheim

Denne skoleveka hadde ein bråkete start. Klokka ni sat 115 forventningsfulle elevar i gymnastikksalen. Kva slag konsert skulle dette bli? Vi visste på førehand at vi skulle få besøk av 3 improvisasjonsmusikarar, Petter Frost Fadnes (saksofon), Ståle Birkeland (trommer) og Chris Sharkey (gitar).

Gruppa ”The Geordie Approach” gav oss ei spesiell oppleving. Dei spelte på instrumenta sine, men og på andre ting som ribbeveggen, golvet, sko og ting dei fann i salen. Med seg i bøtta hadde dei ulike ting som lagar lyd. Dette blei verkeleg leik med rytmar, instrument og stemmer; - svake lydar og mange kjempehøge! Kunne dette bråket kallast musikk? Kva er eigentleg musikk?

At det var kjekt, var alle elevane einige om. Engasjementet blant publikum var stort frå start til slutt. Vi fekk delta med stemme, klapping, knipsing og tramping. Då musikarane mot slutten av konserten delte ut rytmeinstrument til ein del av elevane, ”tok det heilt av”. Etter konserten var det ein lang kø av elevar som ønskte seg autografar.

Med utgangspunkt i lyd, stemmer og ”bråk” fekk små og store på Ådland skole i dag nye tankar om kva musikk eigentleg består av og kva det kan bety for dei som hører på.

 




Pedagogisk Psykologisk Senter, Karmøy
Sundvn. 15, 4250 Kopervik    tlf: 52 81 14 74
Sissel Andsnes (mail)

Sist oppdatert: 25.09.2008